Næringsparken er lokalisert rett ved sida av Hydro Husnes, som er den fjerde største aluminiumsprodusenten i Noreg. Miljømedvit, kortreist kraft og industripreg er alle ingrediensar når den grøne næringsparken no er i støypeskeia på Husnes. Med kortreist kraft er det også moglegheit for ammoniakkproduksjon, batteriproduksjon, havbruk og datalagring på området.

Målet er at næringsparken skal trekka til seg berekraftig, ny industri og næringsverksemd basert på fornybar kraft – til dømes næringar som biogass-, hydrogen-, ammoniakk- og batteriproduksjon, oppdrett og datalagring. All næring skal utviklast og tilpassast det grøne skiftet og FNs berekraftsmål.

Som ein av dei største kraftkommunane i Noreg, har Kvinnherad god tilgang på kortreist, fornybar energi. Grøn hydrogenproduksjon er derfor eit satsingsområde. Eventuell overskotsvarme, oksygen eller komponentar frå aktiviteten i næringsparken kan igjen resirkulerast og danna grunnlag for anna næringsverksemd, slik at parken kan bli ein modell for sirkulær økonomi for andre lokasjonar i Noreg. 

 

Kvinnherad kommune

Les meir om Kvinnherad Kommune her

Kvinnherad Kommune

  • Kommune i Vestland fylke
  • 13.000 innbyggjarar
  • Regional turistdestinasjon som del av Visit Kvinnherad, Visit Sunnhordaland.  
  • Husnes regionsenter
  • Rosendal kommunesenter
  • Største befolkningstetthet på Husnes
  • Variert industrisamansetning, sentralt er:
  • Havbruk
  • Turisme
  • Handelsnæring
  • Anleggvirksomhet
  • Norsk Hydro, stor aktør og hjørnesteinsbedrift